Meir enn eit grått vegkryss

ØRSKOG

Ørskog grensar mot Skodje i vest, Storfjorden og Sykkylven i sør, og mot Stordal og Vestnes i aust og nord.
Arealet er 132 kvadratkilometer, litt større enn nabokommunen Skodje.
Meir enn halvparten bur på Sjøholt. Resten bur i krinsane Apalset, Lande, Skarbø og Vaksvik.

Sjøholt hotell: Hotellet vart gjenreist like etter år 1900, og viser at bygda har vore ein turistdestinasjon

Sjøholt hotell: Hotellet vart gjenreist like etter år 1900, og viser at bygda har vore ein turistdestinasjon

Gjennomfartsåre: Sjøholt sett frå aust.

Gjennomfartsåre: Sjøholt sett frå aust.

Sjøholt er meir enn eit vegkryss og ein bensinstasjon langs Europavegen.

Kanskje er det dette mange tenker om Sjøholt: Ein stad der vi dessverre må slakke ned til 50.
Runa Klock vil derfor vise fram nokre idylliske stader som ho er stolt av:
– Elvastien er ei skjult perle.
Prestefjøra med utsikta ut fjorden er utan sidestykke. Og på Osberget er det lova stupebrett i sommar.
– For lokale turistar kan vi også lokke med både meir sol og høgare temperaturar enn i til dømes Ålesund, seier ho med eit smil.
Og ein splitter ny skule står snart klar, bygd for veksten i folketalet som er venta på Sjøholt.

Namnet Ørskog kjem av øyra eller grusbanken ved elvemunningen på Sjøholt. Men det er ikkje akkurat Øyra som gjer Runa Klock mest stolt. Her er det stort sett slitne næringsbygg, og ikkje alle er i bruk heller.
– Eg har alltid drøymt om å få gjere noko med Sjøholt sentrum, seier Runa Klock.
No har ho fått sjansen. Som skulejente teikna ho eit nytt
Sjøholt sentrum slik ho drøymde om: Meir grønt og meir plantar.
Så vart det Kunsthøgskulen.
Utstillingar i Milano, New York, Tokyo. Designkollektiv i Oslo. Oppdrag for Nobels Fredssenter, Stortinget og Eidsvollsbygninga.
– Eit godt liv i «landsbyen Oslo», med vener der eg berre kunne gå inn utan å ringe på, fortel ho.

Så fekk ho tips om at Ørskog kommune søkte prosjektleiar for tettstadutviklinga på Sjøholt. – Oj! tenkte eg. No skjer det noko på Sjøholt! No er det mogleg å gjere noko. Eg hadde eigentleg ingen plan om å flytte heim, men dette er draumeoppdraget.
Ho starta i den nye stillinga ved årsskiftet. Ein viktig del av jobben er å skape entusiasme hos dei som først og fremst må investere
dersom det skal bli stor forandring på Sjøholt, nemleg næringslivet. Så langt har det visst gitt resultat.
– Før Runa Klock kom, sat vi på kvar vår tue. No snakkar vi saman. Så gjenstår det å sjå om det også blir gjort noko i praksis, seier ein av dei som driv butikk her.

Sjøholt: Europavegen deler Sjøholt i to.

Sjøholt: Europavegen deler Sjøholt i to.

Prestefjøra: Naustrekke på Sjøholt med Ørskog kyrkje bak.

Prestefjøra: Naustrekke på Sjøholt med Ørskog kyrkje bak.

Elvastien: Her er det benkar, bålpanner, ei grindløe og figurar laga av den lokale kunstnaren Jørund Amdam. Runa Klock er guide.

Elvastien: Her er det benkar, bålpanner, ei grindløe og figurar laga av den lokale kunstnaren Jørund Amdam. Runa Klock er guide.

Ventar vekst: Til hausten står nye Ørskog skule klar. I dag har kommunen 300 elevar. Nyskulen har plass til 450.

Ventar vekst: Til hausten står nye Ørskog skule klar. I dag har kommunen 300 elevar. Nyskulen har plass til 450.

Familien på Giskemo

Familien: Hanne, Matilde, Helene Børretzen Fjørtoft, Kristine, Kristian Fjørtoft og Sunniva.

Familien: Hanne, Matilde, Helene Børretzen Fjørtoft, Kristine, Kristian Fjørtoft og Sunniva.

Passe stort

I familien Fjørtoft jobbar dei vaksne på NTNU i Ålesund. I tillegg driv dei garden heime på Giskemo med korn og poteter. Dei fire jentene leikar seg i hagen.

– Her på Sjøholt er det passe stort og oversiktleg. Her er full barnehagedekning. Og her er musikkskule, korps og ungdomsklubb, seier Kristian Fjørtoft – før han ramsar opp fire-fem fleire fritidstilbod for born og unge.

Helen Børretzen Fjørtoft forskar på lakselus. Med jobb i Ålesund er det likevel ikkje slik at dei har éin fot i byen og ein fot her på bygda.

– Det er her i Ørskog vi høyrer til, kjem det frå begge. Men sjølv om dei bur idyllisk, med frukttre, jordbær og høner i hagen, dundrar tungtransport forbi huset på den smale fylkesvegen utan gangfelt.

– Kva er det som trekker ned med å bu her?

– Trafikken. Det er forferdeleg mykje trafikk, og det verkar som at det berre aukar og aukar. Her på Giskemo må vi køyre borna til alle aktivitetar, seier Helene Fjørtoft.

Spørsmålet deler Ørskog i to, men ho er blant dei som vil ha mest mogleg av trafikken på E39 utanom sentrum.

Kattebesøk: Hanne og Sunniva med en besøkende katt.

Kattebesøk: Hanne og Sunniva med en besøkende katt.

Sjøholt som turistdestinasjon

Utsikt: – Her inne på Sjøholt har vi flott utsikt og eit litt varmare klima enn ute ved havet. Ørskog er uoppdaga innan turisme, meiner Anniken Åkvik med lang erfaring frå reiselivsbransjen.

Utsikt: – Her inne på Sjøholt har vi flott utsikt og eit litt varmare klima enn ute ved havet. Ørskog er uoppdaga innan turisme, meiner Anniken Åkvik med lang erfaring frå reiselivsbransjen.

– Ørskog er uoppdaga innan turisme, meiner Anniken Aakvik.
Ein gong var Sjøholt ein turistdestinasjon på Sunnmøre. Det gamle hotellet med glasverandaer både mot vest, sør og aust er no freda. Riksantikvaren seier det er eit godt bevart døme på eit turisthotell i sveitserstil. I 1965 var det heilt slutt med drifta.
Anniken Aakvik har jobba i reiselivet på Sunnmøre i ei årrekke, både innanfor hotell og i 62 nord. For få veker sidan starta
ho for seg sjølv, i heimbygda Sjøholt.
– Eg vil gjerne guide folk som ønskjer å oppleve noko litt utanfor allfarveg, enten det er fjelltur, sykkeltur eller overnatting i telt.
Ho snakkar om Verahornet, Giskemonibba og Lauparen.

Lauparen (1.434) blir forresten høgste punkt i nye Ålesund.
Ho har også starta med utleige av huset sitt, med den opplevinga det er å bu hos ein lokal. Huset frå 1927 er nyoppussa og i store trekk ført tilbake til slik det var originalt.
– Eg har i eit par år forsøkt utleige via Airbnb, og erfaringa mi er at det fungerer. Eg har hatt gjester frå Italia og Korea. Eg har tatt dei med for å bade i elva, og for å sjå nordlyset. Og eg har laga fiske-grateng til dei. Det har vore veldig spanande, seier Aakvik.
I ei globalisert verd søker mange det lokale og autentiske, seier ho.
– Eg har jobba i bransjen og vore tett på kundane i mange år, og eg veit at folk vil oppleve det lokale og det ekte. Marknaden er der. Planen er å kunne drive med dette heile året.


Den brattaste garden

Ein av fjelltoppane som Aakvik gjerne vil vise fram er altså Lauparen. Her inne er det meir på gang.
Frå dette fjellområdet kjem vatnet til det som ser ut til å bli nye Ålesunds desidert største kraftprodusent, Vaksvik kraftverk.
– Denne gongen var det lønsamt å eige den brattaste garden, seier grunneigar Arve Ørskog.

Han fortel at han kjøpte garden nettopp fordi han såg det an å bygge kraftverk her. Meir enn 30 grunneigarar leiger ut fallrettane til utbyggjaren, Clemens Kraft, for ein periode på 100 år.
Nede ved sjøen i Vaksvika ligg kraftverket nesten ferdig. I løpet av sommaren startar prøvedrifta. Full produksjonen er berekna å bli 22 GWh i året.
Grunneigarane har også søkt nye Ålesund om vegnamnet Kraftverkvegen.


Utkant i storkommunen?

Men kva meiner folk i Ørskog om å bli ein del av Ålesund. Fleire er skeptiske og meiner Ørskog blir ein utkant.
– Med den nye inntektsmodellen for kommunane ville ikkje Ørskog klare seg åleine. Dermed var nye Ålesund etter kvart det einaste alternativet, seier Helene Børretzen Fjørtoft.
Ho er medlem av formannskapet i kommunen, og i demokrati-komiteen for nye Ålesund.

Dagens Ålesund har langt fleire innbyggjarar enn dei fire andre kommunane til saman. Får Ørskog noko dei skulle ha sagt?
– Fellesnemnda for nye Ålesund har vore ei positiv oppleving for ørskogbygdarane. Men folk vil nok oppleve at det blir langt ut til
bystyret. Samtidig er det mange dyktige politikarar i bygdene som har gjort seg gjeldande, seier Fjørtoft.

Ho meiner det verste som kan skje er dersom bygder blir overkøyrd.
– Dersom folk startar bygdelister, har Nye Ålesund-prosjektet tapt, seier ho.

Høgste punkt: Lauparen (1434) blir høgste punkt i nye Ålesund.
Foto: Anniken Aakvik

Høgste punkt: Lauparen (1434) blir høgste punkt i nye Ålesund.
Foto: Anniken Aakvik

Kraftverk: Grunneigar Arve Ørskog i Vaksvika ved kraftverket som skal setjast i prøvedrift i sommar. Dei har også søkt om vegnamnet Kraftverkvegen.

Kraftverk: Grunneigar Arve Ørskog i Vaksvika ved kraftverket som skal setjast i prøvedrift i sommar. Dei har også søkt om vegnamnet Kraftverkvegen.

Helene Børretzen Fjørtoft

Helene Børretzen Fjørtoft

Entusiast for nye Ålesund

Opsal: Reidar Opsal og kona Sissel Bjermeland Opsal på den nye uteserveringa på Systra Cafe. Ho er dagleg leiar for kafeen.

Opsal: Reidar Opsal og kona Sissel Bjermeland Opsal på den nye uteserveringa på Systra Cafe. Ho er dagleg leiar for kafeen.

Sunnmørsposten møter fleire på Sjøholt som er skeptisk til storkommunen. Ein som derimot er entusiast er Reidar Opsal. I tillegg til å vere redaktør i Bygdebladet, er han medeigar av Systra Café, og aktiv i Ørskog Trekkspelorkester og Norild Forlag. Han er meir enn glad for at dei fem kommunane blir bygt saman til eitt distrikt.
– Ungdommen har fått lyst til å kome tilbake. Det er tre årsaker til dette: Momentium, som arrangerer kjempekjekke konsertar. Mange interessante jobbar og utdanningar, spesielt etter av Ålesund vart universitetsby. Og ikkje minst at eit så stort distrikt blir éin kommune som dreg lasset i lag.
– Det er fleire av ungdommane eg har snakka med som tenker slik, seier Opsal. Han likar at regionen blir éin smeltedigel.
I dag bur der 2.250 i kommunen. Opsal trur på ei dobling før 2030. Dermed er han langt meir optimistisk enn SSB, som spår 2.500 innbyggjarar i 2030.

– Eg trur byggeboomen i Skodje kjem hit. Her er fleire leilegheitsprosjekt under planlegging.
Reidar Opsal

– Eg trur byggeboomen i Skodje kjem hit. Her er fleire leilegheitsprosjekt under planlegging.
Åknes-problematikken i sentrum er endra etter at oppskyllingssona vart endra i fjor. Her er fullt av pensjonistar og nestenpensjonistar som ventar på det rette prosjektet med leilegheiter. Då blir det mange einebustader frå 1970-talet ledig for småbarnsfamiliar som treng meir plass, ifølgje Opsal.
– Vilkåret for å lukkast er eit billig og bra kollektivtilbod også på fritida.
Alle innbyggarane i storkommunen må enkelt kunne kome til og frå både det urbane tilbodet i bysentrum og naturaktivitetane og det som elles skjer i bygdene, seier Opsal.

Grøn gerilja

Runa Klock er ei utolmodig sjel. Sjøholt sentrum er alt for lite stelt, og det vil ho gjere noko med.
– For nokre veker sidan gjennomførte Sjøholt Grøne Gerilja sitt første «oppdrag», fortel ho.
Busker som såg ut som skjorereir vart klipt. Bed vart stelt. Deretter la ho ut bilde på Facebook – som ein invitasjon til andre om å finne på eit sprell eller to.

– Ja. Når kommunen lagar grøntareal, må dei tenke på at det skal haldast ved like. Men om ting blir gløymt, så kan ein kanskje vere med og ordne det sjølv. Dugnadsånda er stor på Sjøholt, og det finst mykje engasjement, seier Klock – før ho antydar at det finst meir buskas å fjerne. Ho vil gjerne skape trivsel og bulyst.
– Dagens ungdom bestemmer seg for kvar dei vil bu, ikkje kvar dei vil jobbe, understrekar ho.

Reidar Opsal.

Reidar Opsal.

Institusjon: Ørskog sparebank er ein institusjon i kommunen.

Institusjon: Ørskog sparebank er ein institusjon i kommunen.

Lermakar: Agnes Lande i Lærmakern budde vekke i mange år før ho flytta heim att for nokre få år sidan.

Lermakar: Agnes Lande i Lærmakern budde vekke i mange år før ho flytta heim att for nokre få år sidan.

Ålesund: Det er fire mil fra Sjøholt til Ålesund.

Ålesund: Det er fire mil fra Sjøholt til Ålesund.

Grøn gerilja: På sørsida av Sjøholt sentrum står slitne næringsbygg. Her har ein grøn gerilja stelt tre som har vore vanskjøtt lenge. Foto: Privat

Grøn gerilja: På sørsida av Sjøholt sentrum står slitne næringsbygg. Her har ein grøn gerilja stelt tre som har vore vanskjøtt lenge. Foto: Privat

Butikk som skil seg ut

Lokal mat: Den nye iskremen frå Stordal laga av geitemjølk er visst blitt veldig populær. Janet Roelofs byr fram matvarer frå meir enn 50 produsentar i fylket. Ho har også søkt om støtte til å opne turistkontor på Sjøholt.

Lokal mat: Den nye iskremen frå Stordal laga av geitemjølk er visst blitt veldig populær. Janet Roelofs byr fram matvarer frå meir enn 50 produsentar i fylket. Ho har også søkt om støtte til å opne turistkontor på Sjøholt.

Nede ved den trafikkerte gjennomfartsåra er det éin butikk som skil seg ut.
Ein av bygdas større søner, stjernekokken Even Ramsvik,
har i fleire år profilert norske råvarer.
Butikken Stolt Mat er ein del av den same tradisjonen. Her byr
Janet Roelofs fram matvarer frå meir enn 50 produsentar i Møre og Romsdal. Det siste nye er Storfjord Iskrem laga av geitemjølk, fortel ho.
– Det er eit par veker sidan vi starta å selje isen. Den med smak av brunost er veldig populær. Folk har allereie kome tilbake for å kjøpe meir, fortel ho. Smak av brunost og tyttebær er visst éin av dei andre populære variantane.

– Her kunne du vel hatt ein kafé?
– Fleire har sagt «kan du ikkje opne kafé her». Men eg har ikkje kjøkken til matservering. Og ikkje har eg ope kvar dag. Men den som kjøper is har også anledning til å kjøpe seg ein kopp kaffi. Å yte service er veldig viktig, seier Roelofs.
No vurderer ho å opne turistkontor før sommarsesongen
startar for alvor. Ho har nettopp sendt ein søknad til næringsfondet i kommunen om støtte.
Optimismen og gleda er tydeleg framme heile tida hos henne – bortsett frå når vi snakkar om kommunesamanslåinga.
– Eg trur det er ein del i bygda som kjenner på ei sårheit. Dei fleste som stemte ville ikkje til Ålesund. Eg trur også at folk i Ålesund veit lite om Ørskog. Den blir sett som ein utkant, seier Roelofs.

Utkant: Janet Rolofs trur folk i Ålesund veit lite om Ørskog og ser på staden som ein utkant..

Utkant: Janet Rolofs trur folk i Ålesund veit lite om Ørskog og ser på staden som ein utkant..

Bortgøymd idyll

Ferieplass: Nakken kolonihage på Giskemo.

Ferieplass: Nakken kolonihage på Giskemo.

Så viser det seg at Ørskog er ein slags destinasjon allereie. Fleire med adresse Ålesund reiser ofte hit for å slappe av.
Nakken bygdetun og kolonihage fyller 20 år denne sommaren. Garden ligg bortgøymd i elveskråninga på Giskemo. Her er det både stilt og vakkert.
Oddny Lise Nakken tok over garden i 1994. Ho og mannen har full jobb. For å halde garden ved like, oppretta dei Nakken bygdetun og kolonihage, med støtte frå fylket.
– Eg fekk mange kommentarar om at dette ikkje kjem til å gå. Men då dei ti første campingvognene var på plass, vart det fort fullt.
Sidan då har det visst vore fullt heile tida. – 14 av 30 har adresse Ålesund, fortel ho.
Til kvar campingvogn høyrer det også ein jordparsell for dei som vil dyrke litt mat.

– Nokre syns dette er kjekt og har plommer, poteter, jordbær og bringebær. Men for dei fleste er det vognene og spikartelta som er kjekkast, seier Nakken.
På tunet er det også geiter, flaskelam, høner og kaninar, og eit leikeområde for barna
– Dei fleste som har vogn her er frå 50 år og oppover. Dei har
gjerne med seg barn og barnebarn, og mange er her store delar av sommaren, fortel ho.
– I tillegg har vi elva som renn forbi med flotte badekulpar rett nedom kolonihagen. Her er det yrande liv på varme sommardagar. I området er det også mange fine turstiar som vert flittig brukt, reklamerer Oddny Lise Nakken.

Kolonihage: Hit til Nakken kolonihage kjem både ålesundarar og andre som bur heilt ute på kysten, fortel Oddny Lise Nakken.

Kolonihage: Hit til Nakken kolonihage kjem både ålesundarar og andre som bur heilt ute på kysten, fortel Oddny Lise Nakken.

Nyplukka egg: Olivia Haaheim Kavli (6) med nyplukka egg i Nakken kolonihage.

Nyplukka egg: Olivia Haaheim Kavli (6) med nyplukka egg i Nakken kolonihage.

Tre om godt og gale i Ørskog

Anne Berit Hove Amdam

Alder: 53. Heimstad: Skarbøen/Vestre

Vi er nær sjøen og har flotte fjell – og det er kort veg til byen.
Det viktigaste å ta tak i er at det blir bygt altfor få nye bustader, dette går veldig treigt.

Frank Svingesth

Alder: 49. Heimstad: Sjøholt

Her er i bygda er det godt samhald. I storkommunen blir vi ein utkant, men eg trur det har store fordelar å bli ein del av nye Ålesund. Og så har vi ein ny og fantastisk skule som står klar til hausten.

Det mest utfordrande er vegen gjennom sentrum. All trafikken skaper mykje støy. Og den trafikkerte vegen deler Sjøholt i to.

Jon Håberg

Alder: 71. Heimstad: Sjøholt

Det beste med Sjøholt er at det kort veg til sjøen og til fjellet. Her er ei god hamn og bra med fisk.

Det mest utfordrande med Ørskog er at vi blir ein utkant i storkommunen. I kommunevala er det kjøtvekta som tel. For Ørskog sin del føler eg at dette blir usikkert. Det var ein som sa at han ikkje kan tenke seg å bu på sjukeheim ute i byen.

Ørskog kommune: Tøssesvingen, Tøsse og austover.

Ørskog kommune: Tøssesvingen, Tøsse og austover.

Ørskog

Ørskog grensar mot Skodje i vest, Storfjorden og Sykkylven i sør, og mot Stordal og Vestnes i aust og nord.
Arealet er 132 kvadratkilometer, litt større enn nabokommunen Skodje.
Meir enn halvparten bur på Sjøholt. Resten bur i krinsane Apalset, Lande, Skarbø og Vaksvik.

Næringsliv

Arbeidsplassdekninga i Ørskog har gått ned, frå 85 prosent i 2010 til like under 80 prosent. Av 1.160 sysselsette pendlar 340 til Skodje og Ålesund, medan 160 pendlar frå desse kommunane til Ørskog. 28 jobbar i jordbruk skogbruk og fiske.

Innbyggarar

I januar 2018 var folketalet 2.257, 29 færre enn året før. Det siste tiåret har folketalet i kommunen auka med seks prosent.
Folketalsutvikling og talet på nye bustader heng saman. Det siste tiåret vart det ferdigstilt 100 bustader.

Utdanning

Dei siste ti åra har stadig fleire av innbyggjarane høgare utdanning, opp frå rundt 25 til rundt 30 prosent.
Andelen med endt utdanning etter vidaregåande har flata ut på rundt 25 prosent.


Tekst: Per Ove Stige
Foto: Staale Wattø
Presentasjon: Sissel Bigset
Kultur- og reportasjeredaktør: Kristin Knudsen
Ansvarleg redaktør: Hanna Relling Berg.

Sunnmørsposten arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine reglar for god presseskikk. Alt innhold er opphavsrettsleg verna
© Sunnmørsposten 2018.