Kviven i hjartet
Hornindal går inn i Volda og Møre og Romsdal. Honndølene kjem ikkje til å kalle seg sunnmøringar.

Dei fleste har høyrt om Kvivsvegen, men slett ikkje alle har vore på toppen av Kviven.
Med sine 1027 høgdemeter er ikkje Kviven høgt til å vere eit nordfjordsk fjell. Men det har ein spesiell eigenskap: fjellet er portal. Midt inne i Kvivstunnelen, står i dag skiltet som skil Møre og Romsdal frå Sogn og Fjordane. Det skal flyttast ei dryg mil sørover. Betyr det at sunnmøringane ekspanderer territoriet sitt?
Frå Volda : Snart er dei i same båt
Urban på bygda
Frå gamalt av, var det vanleg at folk gjekk over Kviven til Sunnmøre. Det er klare slektsamband mellom bygdene, seier May Helen Flaten (spegelet).
Ho driv ein tradisjonsrik klesbutikk på Grodås, frå 1910.
Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø, var ferdselsveg til Eid. Så kom bilveg til Stryn – og Volda via Eid og Folkestad. Det er ikkje lenge sidan enkelte pendla denne tungvinte ruta.
Kvivsvegen opna i 2012.
– Eg føler at vi har luft, at vegen har opna opp.
Tunnelane har ført til at nokre kundar lekker ut, medan andre strøymer inn.
– Det er mange folk som kjem, stoppar og er spent på kva som er på denne sida.
May Helen delar lokale med Elisabeth Lødemel (til høgre), som driv Lødemel Bok og Interiør.
– Vi har fått mange nye, blide kundar, seier Elisabeth.
May Helen synest det har vorte kjekkare å gå på jobb. Samstundes innrømmer ho at ein ikkje vert rik av å drive butikk på Grodås, men fortel at ho vil vere med å halde bygda levande.
Hornindal
Omtrent 1200 innbyggar
Har utstrekt landbruk og profilerte nøkkelverksemder som GRS Rifle Stock og Ekornes avdelinga Grodås

Det høyrer med til historia at ei aksjonsgruppe samla inn 337 underskrifter for folkerøysting og dermed omkamp om samanslåinga med Volda. Ein av dei som engasjerte seg er Nils Paul Haugen. Han er ny lokallagsleiar i Senterpartiet og med og nominerer ordførarkandidat til den nye kommunen. Han er også lærar, sauebonde, og, som han seier sjølv, sjukepleiar for sin eigen son. 12-åringen er nemleg avhengig av å få intravenøs næring. Det har hendt at han har måtta leggast inn på sjukehus i full fart. Frå 2020 vert Hornindal ein del av Helse Midt-Norge.
– Vi har prøvd og feila mykje med både Førde og Bergen. Etter kvart har dei opparbeidd seg erfaring med guten vår. Det er ikkje tvil om at barneavdelinga i Ålesund og Trondheim òg er god, men det har noko med kjennskap og tryggleik å gjere.
Nils Paul håpar at dei får halde fram med fagmiljøet i Bergen, og reise akutt til Førde. Men den dagen han må ringe 113 frå Hornindal, vert det Helse Midt dei må forholde seg til.
– Eg vurderer då faktisk å heller køyre over grensa til Stryn for å ringe, seier han.
Nils Paul peikar også på eit anna problem med ny fylkesgrense som treff fleire: at elevane som skal gå på vidaregåande skular må til Møre og Romsdal, i praksis Volda eller Ørsta. Alternativet er å stille seg bakarst i søkarkøen ved dei næraste skulane som er Eid og Stryn vidaregåande skular,
– Skal vi kalle oss ein felles bu- og arbeidsmarknad, og samtidig ha ei slik sperring, spør læraren.
– Vi må finne betre løysingar. Den fylkesgrensa der kjem ikkje til å verte gamal.
Nokon som gir blaffen i alt som heiter fylkesgrenser, er Nils Paul sine sauar. Bonden går ut på den framleis så grøne enga, og gir dei litt mjøl.
– Sauane går ofte over til Sunnmøre. Det er mykje godt gras der.
Nils Paul fortel at to spreke brør frå nabohuset, nyleg henta ned ullkledde etternølarar.
– Det er håplaust å halde følge med dei brørne, seier Nils Paul

Over alle haugar

At det regnar spelar liten rolle: Haugenbrørne er klare for ei treningsøkt til fjells, oppgjennom ein bekk som vel eigentleg er meint å vere ein sti. Det einaste som skil antrekket deira, er at det står Rasmus på den eine jakka og Kristoffer på den andre.
Dei trivst best med beina på bakken. Yngstemann Rasmus (20) slapp likevel ikkje unna store overskrifter og NRK-innslag då han allereie som 15-åring markerte seg. Han deltok i 38-kilometersutgåva av Hornindal Rundt. 2900 høgdemeter opp og ned. Rasmus slo alle, med tida 4.48.12.
I år, same løp og distanse, konkurrerte dei. «Haugen x 2 på pallen» skreiv Fjordingen, lokalavisa for Stryn og Hornindal, etterpå. Rasmus slo si eiga tid frå 2013, men måtte nøye seg med «berre» tredjeplass. Storebror Kristoffer (24) tok andreplassen.
Vi passerer alpinanlegget i Hornindal. Rasmus pleier å trene her om vinteren, legge grunnlag. Snart er tida inne, for å ta på seg randoneskia att. For å pese seg opp, køyre ned. Gjenta. Gjenta.
Hit kjem mange frå Volda tidleg i sesongen, fordi snøen legg seg tidlegare her i «innlandet» enn i dei kystnære Sunnmørsalpane.
Kristoffer likar dei store, rundare fjella i Nordfjord best til trening.
– Sunnmørsalpane er spisse og flotte, men fjella her er betre å bevege seg fort i. Det er lettare å ta seg fram.
Sjølv om Hornindal vert ein del av Møre og Romsdal, vil ikkje brørne kalle seg sunnmøringar.
– Vi er nordfjordingar og føler oss vel eigentleg heime i Sogn og Fjordane, seier Kristoffer.
Rasmus er einig. Dei trur likevel at å gå inn i ny kommune og nytt fylke vil gå fint.
Kva er det første du tenker på når du høyrer namnet Volda?
Inger Lefdal Kirkhorn:
– Det fantastiske sjukehuset. Det er verkeleg Rolls Royce over det altså. Om eg skulle verte sjuk, så vil eg dit. Volda sjukehus har dei beste legane og sjukepleiarane.
Ailin Nygjerde Kjelsnes:
– Det Grøne Treet. Eg var der første gong i 2015. Mannen min, Kjetil Grodås, spelte. Det var pianobar og god stemning.
Eg vart invitert med i jaktlag med ein gong.
Integrert redaktør
Ferda som førte fram til ny kommunekonstellasjon har ikkje vore utan gnagsår og hardt vêr. Ikkje alt har vore like lett for Fjordingen å omtale som Hornindal rundt og Haugen-brørne. Det kan redaktør Bengt Flaten skrive under på. Han er gift med May Helen Flaten og innflytta austlending i den vesle bygda. May Helen røper at ho spurte han for ein del år sida om han ville flytte austover igjen, og at han sa kontant nei.
Bengt møter Sunnmørsposten på den nyoppussa bensinstasjonen. Han skryter av det nye dekkhotellet her, som har travle dagar no når nervøse bilistar med sommardekk ser at snøgrensa kryp nedover. På bensinstasjonen er folk på fornamn, og kjenner kvarandre gjennom fleire roller. Redaktøren er blant dei som bidrar på dugnad i skisenteret,
– Eg kan sjå hodelyktene til Haugebrødrene opp etter fjellsidene om vinteren, seier han.
Bengt har vore med og lagt rør som skal leie vatn frå elva og opp til eit nytt kunstsnøanlegg.
– Dugnadsånda og kameratskapen i Hornindal er sterk.
Han følte seg møtt på ein raus og inkluderande måte då han busette seg i Hornindal.
– For eksempel vart eg invitert med i jaktlag med ein gong.
Men, det er ikkje berre på jakt det har vorte skote. Det har også vorte losna det han ser på som lite treffsikker kritikk i samanslåingsdebatten.
– Eg har vorte tatt til inntekt for å ville presse gjennom ei kommunesamanslåing mellom Volda og Hornindal. Det er feil.
Han meiner det hadde vore «knallinteressant» med ein kommune med Hornindal, Volda og Stryn. Og for så vidt Ørsta.
– Det starta med at dei fire ordførarane var på besøk hos kommunalminister Jan Tore Sanner (H). Dei spurte om korleis ministeren såg på samanslåing på tvers av fylkesgrensa, og fekk klapp på skuldra. Kort tid etter trakk Ørsta seg ut. Til slutt valte også Stryn å trekke inn årene.
– Dei følte sannsynlegvis at avstanden både fysisk og mentalt vart litt for stor.
Bengt omtaler situasjonen som ein korsveg der Hornindal måtte velje mellom Volda og Stryn.
– Eg gav aldri noko råd om kven av dei to Hornindal burde gå for.
Han helsar ei kommune med Stryn i framtida velkomen.
– Det hadde vorte særs spennande, med spennvidda frå det akademiske miljøet i Volda, til det offensive næringslivet i Stryn.
Uansett, no er det nye Volda kommune det handlar om. Redaktøren ser lyst på samarbeidet.
– Volda har snakka i respektfulle ordelag om Hornindal, som ein god bustadkommune.
Likevel trur han det skal mykje til at Nordfjord-identeten vert viska ut. Fjordingen vert ingen lokalavis for nye Volda.
– I Volda skal vi dekke sjukehus, samferdsel og anna som betyr noko for folk i Stryn og Hornindal.
Vil honndølene verte så påverka av sunnmøringane at nordfjorddialekta deira vil verte viska ut? Spørsmålet går til Bengts kone, May Helen, i klesbutikken.
Ho vil ikkje vere med på at honndølene kan kome til å snakke sunnmørsk i framtida.
– Det kjem ikkje til å skje! Då kan vel like godt vi smitte dei på den sida med dialekta? Nei, honndøler held på sitt.
Likte du denne reportasjen? Sjå også serien frå nye Ålesund kommune
Tekst og foto: Tarjei Engeset Ofstad
tarjei@smp.no/48252625
Ansvarleg redaktør: Hanna Relling Berg.
Sunnmørsposten arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine reglar for god presseskikk. Alt innhold er opphavsrettsleg verna
© Sunnmørsposten 2018.