Borte bra,
heime verst



Det er ikkje lov å slå barn

Det skjer med mange, men det er likevel ikkje lov til å slå barn. Norsk lov seier at barn ikkje skal bli utsett for vald eller behandla slik at dei vert utsett for skade eller fare. Barneombodet i Norge seier også at det er forbode å slå barn.

- Foreldra dine har aldri lov til å slå eller gjere noko som kan skade deg. Det betyr at det ikkje er lov til å gi ris, slå deg på fingrane eller skade deg på andre måtar med vilje.


Nokre foreldre seier at dei slår for å lære barnet å oppføre seg bra.

- Det er ikkje greitt. Uansett kva eit barn har gjort, så er det forbode å slå barn. Den som slår eller skadar eit barn med vilje, kan bli straffa for det, seier Barneombodet.

FN seier det same: Det er forbode å slå barn. Sjå her:

Artikkel 19 - om misbruk.

Kva er vald?

Vald er når nokon slår deg, sparkar, luggar, knip eller gjer andre ting som gjer vondt på kroppen. Det kan også vere at nokon seier eller gjer ting mot deg som gjer at du blir lei deg, skremmer eller truar deg, låser deg inne på eit rom eller overser deg og latar som du ikkje finst.

Kva kan eg gjere dersom eg har det vondt heime?

Det kan være vanskeleg å seie i frå, men dersom du blir slått, er det viktig at du får hjelp. Du må snakke med ein vaksen du stolar på. Det kan vere ein lærar, foreldra til ein ven, ein nabo eller nokon andre. Det er heller ikkje godt å bu i ein heim der andre bli slått. Også det bør du snakke om med ein vaksen du stolar på.

Du kan og ringe til alarmtelefonen for barn og unge på telefonnummer 116 111. Den er gratis og der er det vaksne du kan snakke med alle dagar. Du kan også ringe gratis til Kirkens SOS på telefon 22 40 00 40. Her er det dessutan chatterom der du kan chatte med ein vaksen som ein kan stole på. Røde Kors har også si telefonteneste og eit chatterom der det er vaksne som har tid og lyst til å prate. Telefonnummeret er 800 333 21.


116 111

Kva skjer hvis eg seier frå?

Dersom du fortel nokon at du blir slått, skal den vaksne fortelje det vidare til andre som kan hjelpe deg. Barnevernet kan hjelpe familien din slik at det blir lettare å vere kjekke med kvarandre. Men dersom du blir slått, vil politiet også vite det, fordi det er ulovleg å slå barn.



Kva er Statens barnehus?

I Ålesund finst «Statens barnehus». Der jobbar vaksne som er ekspertar på å ta seg av barn som har blitt slått. Dei passar på at du har det best muleg når du skal fortelje om kva som har skjedd med deg, og at det er gode vaksne som kan passe på deg etter at du har fortalt om kva du har opplevd.

Det er vondt å bli slått. Og den som blir slått blir skadd. Det kan gjere at du får vanskar med å konsentrere deg, med å lese, med å sitje stille. Det kan bli vanskeleg med eting og soving. Du kan få skadar i hjernen og følelsane slik som soldatar som har vore i krig. Det kan gjere slik at du også lettare slår andre.


Det er aldri barnet si skuld at det blir slått.

Det er alltid den vaksne som slår sin feil.

Og viss du blir slått, skal du få hjelp.


Les vaksenversjonen av denne saka her.



Tekst: Torill Myren
Design: Liv-Jorunn Håker Ottesen
Kjelde: Barneombudet.noBarneombudet.no og Alarmtelefonen 1116111.no Sjå fleire prosjekt frå #SMPlab.
Copyright 2014 © Sunnmørsposten. Ansvarlig redaktør: Hanna Relling Berg.