Borte bra,
heime verst
Hundre og femti saker så langt i år. Vald og overgrep. Det kan vere ei mamma som trykker ansiktet og håret til jenta si ned i ein dam av tiss og nektar henne å dusje før ho går på skulen. Det kan vere ein stefar som står på altanen og skyt med sprettert mot eit barn som fortvilt spring rundt i hagen og prøver å gøyme seg.
Ei tilfeldig veke i kongeriket Norge vart det registrert at 655 barn vart banka opp. Eit av desse barna bur kanskje i nabohuset ditt. I snitt sit det oftare enn tre gongar i veka eit barn i avhøyr hos Statens barnehus i Ålesund og fortel om overgrep av ulike slag.
– Krenka barn blir sjuke vaksne som igjen krenkar sine barn. Dette må stoppast, seier Ingrid Heggli, leiar for Statens barnehus.
Verdas viktigaste jobb. Heggli er sosionom og jobba i mange år ved Oslo universitetssykehus mellom anna med avrusing og behandling, og såg at mange av dei ho arbeidde med hadde vorte utsette for vald då dei var barn. Difor ønskte ho seg til barnehuset og eit arbeid der ein kan kome inn tidleg og vere med å gjere ein forskjell.
– Her på barnehuset får vi sjå noko av alt det vonde menneske kan gjere. Men det å arbeide her kan gi ein voldsom topp også. Når vi klarer å gjere noko eller skape ei forandring for nokre av barna. Eg vaknar om morgonen og tenkjer at eg har verdas viktigast jobb. Det gjer at eg orkar.
NRK fortalde nyleg at talet på saker som er melde til politiet om vald mot barn har eksplodert dei siste åra. I 2006 var det 81 saker. I fjor var det nesten 1800 saker. I tillegg kjem mørketala. Kor mange andre barn som blir slått og skubba, lugga og kasta i veggen, som blir utelåste i kulda i berre undertøyet eller som får avføring smurt i ansiket, for eksempel, det veit vi ikkje.
Skadde for livet. Men det vi veit er at desse barna vert skadde. Barn som opplever vald heime har meir adferdsproblem enn andre barn. Oftare utagerande oppførsel og lav sosial kompetanse. Dei mobbar oftare og vert oftare utsett for mobbing. Dei har auka risiko for depresjon, angst og aggressiv adferd. Forskarar har funne at av så mange som halvparten av barna som har opplevd vald heime, får posttraumatiske stress – det same som mange mellom anna soldatar får etter å ha vore i krig.
Dessverre er lista lenger. Barn som er utsett for vald dukkar oftare opp i kriminalstatistikken som vaksne. Når dei blir vaksne blir dei sjølve oftare valdsutøvarar – og vert oftare utsett for vald. Å verte utsett for vald som barn kan også vise seg igjen i vaksen alder som rusmisbruk, spiseforstyrringar, hjarte- og karlidingar. Det kan også gi konsentrasjonsvanskar og mykje indre uro. Enkelte barn som har vore utsett for vald har feilaktig fått ADHD-diagnose.
Og det berre held fram: Sjølvskading, tilknytingsvanskar og manglande evne til å kontrollere sinne, seksuelle impulsar og så vidare. Forseinka språkutvikling. Lærevanskar. Det er også slik det er stor overlapp av ulike typar overgrep; vald, utnytting og omsorgsvikt.
Vald heime spesielt skadeleg. Ingrid Heggli seier vald i heimane, vald utøvd av nære personar, er spesielt skadeleg. Relasjonstraumer er spesielt skadelig for barn.
– Den biologiske reaksjonen på fare er å kome seg bort frå, flight, eller kjempe mot, fight. Når barnet er utsett for vald i nære relasjonar, kan barnet verken røme eller kjempe i mot. Dei er avhengige av dei vaksne, og treng kjærleik, trøyst og vern. Dette avhengigheitsforhaldet gjer at vald vert spesielt skadeleg.
Når du er avhengig av den som utøver valden, vert det vanskeleg å seie i frå.
– Barn skjønar konsekvensen av å fortelje om valden. Dei forstår at dei kanskje ikkje får bu hos foreldra meir. Og det kan vere meir skræmande enn valden.
Barna snakkar sant. Når det er mistanke om vald mot barn, kjem barna til Statens barnehus. Der vert det nokre gongar gjort medisinske undersøkingar av barnet. Og barnet blir avhøyrt av politi med spesialkompetanse på avhøyr av barn. Så langt i år har 25 jenter og 33 gutar site på avhøyrsromet på barnehuset og fortalt at dei har vore utsatt for vald. I tillegg kjem 36 barn som har vore vitne til vald. Det er over 90 barn. Førti har vore avhøyrt i samband med seksuelle overgrep.
På Statens barnehus ønskjer dei å gjere avhøyrsdagen så lite belastande som muleg. Dei har fokus på barnet og den vaksne som følgjer barnet. Det er fotballspel og friske fargar i kantina og dei har fagfolk som kan ta vare på barnet etter avhøyret.
– Barnet har fortalt om det verste dei har vore med på. Dei må gå rett inn i traumet. Vi må mellom anna hjelpe dei og dei som skal ta vare på barna etterpå. Vi må også vurdere kva som skal til for at dei skal unngå å bli utsett for meir vald, og hjelpe de tilbake til normalfungering.
Heggli seier ho er overraska over kva sjølv små barn er i stand til å fortelje og forstå.
– Og vi må stole på barnets historie. Det er så smertefullt og nedverdigande å vere den som er utsett for vald og overgrep at barn fortel heller mindre og bagatelliserer enn å lyge om desse tinga.
Modige på barnets vegner.Leiaren i barnehuset er sjølvsagt klar over at det er forskjell på å vere mistenkt for mishandling og det å vere dømt.
– Men vi må sikre at det ikkje skjer nye overgrep.
Om den mistenkte nektar, kan for eksempel den mistenkte flytte ut ein periode, barnet bu ein annan stad til ein har fått betre oversikt over situasjonen.
– Det er vondt for eit barn å oppleve slik endring, men det er verre å fortsette å leve med overgrep. Vi må være modige på barnets vegner, slik at vi finn løysinga som sikrar at barnet ikkje vert utsett for vald.
Barnehuset er det samordnande leddet mellom barnevern og politi. Dei arbeider med rettleiing til for eksempel barnehagar, skular og barnevernkontor ved mistanke om overgrep. Dei koplar barnevern og politi. Og dei tek seg av nære, vaksne rundt barnet som kanskje var heilt uvitande om det som har skjedd.
– Vi må jobbe tverrfagleg for å beskytte barnet godt nok. For eksempel manglar sosionomar det politifaglege synet med slikt som sporsikring. Vi må balansere det barnefaglege og og det strafferettslege. Vi må sjå totalbildet – til barnets beste.
Vi må tore å sjå.
Og så må dei tenke på kva som skjer etterpå. Etter avhøyret. Det er noko av det som bekymrar Ingrid Heggli.
– Vi trur at vi stor grad greier å beskytte mot ny vald rett etter at barna har vore her, men kva med nokre månader fram i tid….? Korleis greier vi å beskytte barnet framover? Om vi sender barnet tilbake til ein valdeleg samanheng, er det eit svik overfor barnet. Og kva trur du som vil skje innanfor dørene om vi sender eit barn som har fortalt om vald tilbake i denne heimen? Det går iallfall mange år før barnet tør fortelje igjen.
Ingrid Heggli meiner at dei som arbeider i det offentlege må klare å ta i mot når eit barn fortel at det ikkje har det bra.Barn kan uoppfordra fortelje at for eksempel «mamma slår». Men vaksne må bruke augene sine. Og øyrene.
– Det skjer at barna fortel, men at dei vaksne ikkje «høyrer». Ofte seier vi at «Du ser det ikkje før du trur det».
Heggli prøver å kome med ei liste over ting som kan vere teikn på at barn vert mishandla. Dei kan vere utagerande, aggressive, ikkje ville i barnehagen, ville vere heime og passe mor, skvetne, ha vanskar med å konsentrere seg….
– Men det er skummelt med ei slik liste. Det kan gjere at folk tenkjer at barnet ikkje har noko av slika oppramsa symptom, og dermed ikkje stolar på magefølelsen. Det er også slik at enkelte som vert slått utviklar problemadferd, andre vert berre stille og unnvikande. Og spesielt barn som er utsette for overgrep heilt frå dei er små kan det vere vanskeleg å sjå noko. Dei kan trur det er normalt, og at det er slik i alle familiar.
Det er våre barn. Heggli er oppteken av at det skal snakkast både i barnehagar og skular om at det ikkje er lov til å slå eller krenke barn. Men folk må også våge å sjå overgrepa. Våge å spørje.
– Det er ubehageleg å spørje om dette. Men om det er ubehageleg for meg å spørje, korleis er det då for eit barn som er utsett for vald å leve i det? Vi må tore å ta det i vår munn. Våge å spørje direkte. Spørje slik at barnet forstår at ein tør ta i det – og ta i mot det. Vi kan ikkje ikkje orke, ikkje ville sjå. Vi må gjere dette saman. Alle har ansvar. Det er våre barn.
Les barneversjonen av denne saka her.